Logg inn Leig utstyr Husøyo Røldal Bading Arrangement Om oss Forslag

Velferdsklubben for tilsette i Stord kommune

Om Stord Ve og Vel

Klubben har som føremål å fremja eit godt sosialt miljø blant alle tilsette i Stord kommune – m.a. ved å opparbeida felles interesser for fritidssysler som idrett, friluftsliv og andre sosiale tiltak.

Bli medlem

Alle tilsette i Stord kommune har rett til å vera medlem i velferdsklubben. I klubben har alle medlemmar same rettar, uansett stilling.

Medlemskapet er friviljug. Inn- og utmelding skal skje skriftleg.

Pensjonistar

Fleire pensjonistar som har jobba i Stord kommune er med hos oss. Ved å betala kontingent er dei fullverdige medlemmar med same rettar som alle andre.

Nyheit: Er du pensjonist frå Stord kommune og ønskjer å vera medlem framleis? No kan du vippsa medlemsavgifta til oss på #551659. Hugs å senda oss e-postadressa di om du vil ha nyheiter frå oss.

50 kr/mnd

Årskontingenten er 50 kr pr. månad og vert trekt frå lønn.


Vil du verta medlem? Send e-post med namn, tilsettnummer og e-postadresse til:

Meld deg inn

[email protected]

Medlemsfordelar

Avtalane gjeld for medlemmar i Stord Ve og Vel – ikkje alle tilsette i Stord kommune.

15 %

Sport1 Stord

15 % i butikk, unnateke syklar, ammunisjon, elektronikk, pakketilbod og salsvarer.

Rammeavtale

Monter

  • Gjeld i Monter-butikkane i heile landet, ikkje berre på Stord.
  • Over 6000 ulike varer i sortimentet.
  • Rabatten varierer frå produkt til produkt.
  • Gjeld ikkje kampanjevarer eller alt rabatterte prisar.
  • Same avtale som m.a. dei tilsette på Aker har.

20 %

Saunasystrene

20 % rabatt hos Saunasystrene – naturopplevingar på Skjærsholmane.

Book med kommune-eposten din (t.d. @stord.kommune.no) eller Stord V/A-eposten, så vert rabatten lagd til automatisk. Pensjonistar og NAV-tilsette kan ta kontakt med Emre Yirmi, så ordnar me det manuelt.

Frå 349 kr/mnd

Energy Fitness

  • 349 kr pr. månad, 12 månaders binding
  • Fri tilgang til alle sentera
  • Kan frysast inntil 6 månader pr. år
  • Oppstartstime med PT og kroppsanalyse inkludert
  • Når 30 eller fleire medlemmar nyttar tilbodet, vert prisen 319 kr/mnd for alle

Slik melder du deg inn: Gå til energyfitness.no/bedrift. For kode: send SMS med namn og tilsettnummer til Espen Lamo, 975 52 047. Aktiver så medlemskapet.

Valfritt tillegg: felles treningsøkter, PT-grupper og oppstartshjelp.

Synsprøve 790 kr

Brilleriet

Gjeld Brilleriet Stord og Brilleriet Heiane (prisar per mai 2021):

  • Synsprøve 790 kr (ordinært 990 kr)
  • 15 % på brilleinnfatningar og solbriller

Behandlingsavtale

Sunnhordland Klinikken

  • 820 kr første gong hos fysioterapeut eller kiropraktor
  • 620 kr for oppfølging hos fysioterapeut eller kiropraktor
  • 820 kr første gong hos naprapat
  • 780 kr for oppfølging hos naprapat

Behandlingsavtale

NEMUS Stord

Prisar som gjeld for medlemmar av Stord Ve og Vel:

BehandlingMedlemsprisOrdinært
Førstegongsbehandling, kiropraktor og fysio750 kr850 kr
Påfølgjande behandling, kiropraktor og fysio590 kr690 kr
Muskelterapeut 90 min1 300 kr1 380 kr
Muskelterapeut 60 min1 100 kr1 200 kr
Muskelterapeut 30 min610 kr690 kr
Psykomotorisk fysio1 080 kr1 150 kr
Osteopat, førstegong950 kr1 050 kr
Oppfølgingsbehandling, osteopat710 kr790 kr

Spørsmål? Ta kontakt med Espen Lamo, mob. 975 52 047.

Utleige av utstyr

UtstyrPris
Bensindriven vedkløyvar
Fyll opp bensinkanna.
50 kr pr. døgn
Elektrisk vedkløyvar50 kr pr. døgn
Kappsag50 kr pr. døgn
Høgtrykkspylar med terrassevaskar og røyrreinskar50 kr pr. døgn
Båthengar (2017-modell), 16 fot – maks 750 kg50 kr pr. døgn
Liten tilhengar50 kr pr. døgn
Stor tilhengar med vangar/grinder50 kr pr. døgn
Straumaggregat
Fyll opp bensinkanna.
50 kr pr. døgn

NB! Vidareleige av utstyr, hytte og båt er ikkje tillate. Alt utstyr skal leverast attende minst like fint som då du fekk det – gje melding til kontaktpersonane om feil eller manglar.

Bestill utstyr

Hytter og leilegheiter

Leilegheiter i Røldal

Stord Ve og Vel eig tre leilegheiter ved Røldal skisenter – to store og ei lita. Dei store (69 m²) er identiske, berre spegelvende, og har 8 sengeplassar kvar. Den vesle er 28 m², men godt utnytta, og har 3–5 sengeplassar.

Her er velutstyrte kjøken, og i kjellaren finn du garasje med bod. To skikort følgjer med dei store leilegheitene og eitt med den vesle.

For vintersesongen vert trekningsrundar annonserte, og du må søkja innan oppgitt frist.

TidsromStorLiten
Vintersesong, pr. helg/veke2 500 kr900 kr
Haust-/sumarsesong, døgnpris500 kr250 kr
Vinterferie, pr. halvdel4 000 kr1 500 kr
Haustferie, pr. halvdel2 500 kr1 200 kr
Påske- og juleferie, pr. halvdel4 000 kr1 500 kr

Juni–november: bestill direkte her på sida.
Desember–mai: send e-post med ønskt dato, namn, e-post, telefonnummer og tilsettnummer til [email protected].

Hytta på Husøya sett frå sjøen

Husøya – helge- og vekeopphald

Husøya ligg i innseglinga til Leirvik hamn, eit steinkast frå «Leirvik sveis». Hytta ligg lunt til på austsida av øya, og her er fint å bada. Hytta har straum, toalett, innlagt vatn og avlaup, TV og kjøleskåp. Det er dyner og bestikk. Det er flott betongkai ved hytta, og velferdsklubben har båt til utleige.

Pris: 500 kr for første døgn, deretter 250 kr pr. døgn. Ein kan leiga maksimalt éi veke samanhengande. Betaling med Vipps når du bestiller. Framleige er ikkje lov.

Historia om Husøya

Namnet på øya kjem truleg av at det ein gong har stått eit hus der. Kva tid det var og kven som budde der, veit ein ikkje. Øya tilhøyrde opphavleg Hystadgarden. I 1919 kjøpte skipsreiar og fabrikkeigar Mons Isaksen Aslaksvik Husøya. I 1934 vart øya seld til ingeniør Steien. Året etter kjøpte kaptein Høviskeland, som budde på Hystad, Husøya. Det var familien Høviskeland som bygde hytta som no er restaurert.

Kommunen overtok øya 9. februar 1973, og sjøspeidarane fekk nytta hytta mot å halda ho i stand. No er det velferdsklubben som disponerer hytta. Det vart lagt ned mykje godt dugnadsarbeid før ho var klar for utleige frå juli 2000. I 2015–17 vart taket skifta, ny landgang kom til, og det er gjort fleire andre oppgraderingar.

Bilete av hyttene finn du på Facebook-sida til Ve og Vel. Foto: Espen Lamo.

Bestill Husøya

Aktivitetar og tilbod

Kartutsnitt frå Litlatraven turorientering

Litlatraven og Storatraven – turorientering 2026

Stord Ve og Vel tilbyr også i år medlemmane å vera med i Litlatraven og Storatraven turorientering – med 50 % avslag: 50 kr for Litlatraven og 75 kr for Storatraven. Vipps 551659 – Stord kommune Ve og Vel.

Travarane vert selde frå kundetorget i rådhuset i opningstida, 09.30–14.30.

  • Litlatraven: Digernes og lærarskulen
  • Storatraven: Skjephaugen, Fjellstova, Lundarstølen og Gruvene

Postane registrerer du i appen Turorientering (Ny) eller på turorientering.no. Ta med familien, vener eller kollegaer på tur i skogen og bli kjend med nye område på Stord. Fine premiar vert trekte ut mellom dei som fullfører – og velforeininga supplerer med ekstra vinstar mellom medlemmane våre!

Ferietilskot

Til sommar- og juleferien trekkjer me ut premiar i form av gåvekort, mat, kinobillettar eller andre høvelege ting. Alle medlemmar er med i trekninga. Vinn du, får du karantene i 2 trekningar, slik at sjansane vert større for dei som ikkje har vunne før.

Trimrom i rådhuskjellaren

Ve og Vel har utstyrt eit trimrom i rådhuskjellaren – dette bør du prøva! Inngang på nordsida, mot Stomas. Du treng nøkkelkort/brikke for tilgang; ta kontakt med leiaren i Ve og Vel om du ikkje har det.

Andre aktivitetar

Gjennom året vert det arrangert ulike aktivitetar: bowling, leirdueskyting, dugnad, kommunefest med revy og mykje meir.

Styret

Vedtekter og årsmøte

Kontakt

Leiar Espen Lamo

Informasjonen er henta frå Ve og vel-sida til Stord kommune.