1. Kven kan leiga
Utleige er forbeholdt betalande medlemmar i Stord Ve og Vel. Du må vera tilsett i Stord kommune, NAV-tilsett med medlemsskap, eller pensjonist med betalt kontingent.
2. Leigepris og betaling
Utstyr: Kr 50,– pr.dag. Betaling skjer via Vipps Checkout direkte i bestillingsskjemaet. Reservasjonen vert automatisk stadfesta etter vellukka betaling. Reservasjonen er bindane når stadfestinga er motteke.
Leilegheiter og hytte: Prisar varierer etter sesong og einingstype. Betaling skjer via lønnstrekk eller Vipps. Sjå prisliste under kvart objekt. Reservasjon av leilegheiter og hytte er bindande når stadfesting er motteke.
3. Bruk av utstyret
Utstyret skal brukast med varsemd og leverast attende i minst like god stand som det vart motteke. Bensinkanne på bensindrive utstyr (vedkløyvar, straumaggregat) skal fyllast opp att ved innlevering. Feil eller manglar skal rapporterast til ansvarleg kontaktperson utan opphald.
4. Leilegheiter og hytte
Maksimal leigperiode er 1 veke samanhengande. Framleige er ikkje tillate. Skikort som følgjer med leilegheitene i Røldal er ein del av leiga og skal leverast attende.
5. Forbod mot vidare-utleige
Det er strengt forbode å leiga ut utstyr, leilegheiter eller hytte vidare til tredjepartar. Berre leigaren sjølv og husstandsmedlemmar kan nytta det leigde. Brot på dette kan medføra utestenging frå framtidig utleige.
6. Ansvar og erstatning
Leigaren er fullt ut ansvarleg for utstyr, leilegheit eller hytte i heile leigperioden. Ved skade, tap eller tjuveri er leigaren erstatningspliktig for reparasjonskostnad eller gjenanskaffingsverdi.
7. Medlemsskap
Ved reservasjon stadfester du at du er betalande medlem av Stord Ve og Vel, eller at du samtykker til innmelding med lønnstrekk på kr 50,– per månad. Innmelding og utmelding skjer skriftleg til [email protected]
8. Tvistar
Eventuelle tvistar søkjast løyst i minnelegheit. Dersom dette ikkje lukkast, fell saka inn under norsk rett med Sunnhordland tingrett som verneting.
Sist oppdatert: mai 2026 | Kontakt: [email protected]
Ferieperiodar i Røldal
For å sikra ei rettferdig fordeling, og at flest mogleg kan nytta seg av tilbodet, kan ikkje same person leiga både vinterferie og påskeferie i same sesong. Det er berre mogleg å leiga anten første eller andre del av kvar ferie. Har du leigd i vinterferien eller påskeferien, må det gå to år før du kan leiga den same ferieperioden på nytt.