1. Behandlingsansvarleg
Stord Ve og Vel, ved leiar Espen Lamo.
E-post: [email protected]
Telefon: 975 52 047
Adresse: Rådhuset, Stord
Orgnr. 995 946 319
2. Kva personopplysningar samlar vi inn
I samband med reservasjon av utstyr og leige av leilegheiter samlar vi inn:
- Fullt namn
- Ressursnummer (tilsett-ID i Stord kommune)
- Arbeidsstad / avdeling
- E-postadresse
- Ønskt leige- eller reservasjonsperiode
- Eventuelle merknader du oppgir
Betalingsinformasjon vert handsama av Vipps AS og vert ikkje lagra av Stord Ve og Vel. Me mottek berre stadfesting på at betaling er gjennomført.
3. Formål og rettsleg grunnlag
Opplysningane vert nytta for å:
- Handtere og stadfeste leigeavtalen (GDPR art. 6(1)(b) – oppfylling av avtale)
- Verifisere at du er betalande medlem av Ve og Vel (GDPR art. 6(1)(f) – berettiga interesse)
- Sende deg e-post om status på reservasjonen din (GDPR art. 6(1)(b))
- Dokumentere utleige og lønnstrekk (GDPR art. 6(1)(c) – rettslege plikter)
4. Betaling via Vipps
Betaling for utstyrsleige skjer via Vipps Checkout, levert av Vipps AS. Når du betalar via Vipps, vert du vidaresendt til Vipps sin betalingsportal. Stord Ve og Vel lagrar ikkje kortinformasjon eller andre betalingsdetaljar. Vipps sine eigne personvernvilkår gjeld for betalingstransaksjonen. Les meir på vipps.no.
For leige av leilegheiter og hytter skjer betalinga via Vipps eller lønstrekk. Lønstrekket vert handsama av Stord kommune sitt lønnssystem.
5. Kven har tilgang til opplysningane
Opplysningane er berre tilgjengelege for styremedlemmar i Stord Ve og Vel med admin-tilgang, og ansvarleg for det aktuelle utstyret. Opplysningane vert ikkje selde eller delte med tredjepart, med unntak av Stord kommune sitt lønnssystem ved lønnstrekk.
6. Lagringstid
Personopplysningar knytt til reservasjonar vert sletta seinast 12 månader etter at leigperioden er avslutta. Dokumentasjon knytt til lønnstrekk og betaling kan lagrast i opptil 5 år i samsvar med rekneskapslova.
7. Dine rettar
Du har rett til:
- Innsyn – å få vite kva opplysningar vi har om deg
- Retting – å få feilaktige opplysningar retta
- Sletting – å få opplysningar sletta («retten til å bli gløymd»)
- Avgrensing – å avgrensa korleis vi brukar opplysningane
- Dataportabilitet – å få utlevert opplysningane i eit maskinlesbart format
- Innsigelse – å protestera mot behandling basert på berettiga interesse
For å nytta rettane dine, ta kontakt med Espen Lamo på e-post eller telefon.
8. Klage til tilsynsmyndigheit
Dersom du meiner me handsamar personopplysningane dine i strid med GDPR, har du rett til å klage til Datatilsynet: www.datatilsynet.no | Telefon: 74 07 70 00.
9. Informasjonstryggleik
Systemet er drifta på sikra server hjå Gigahost (Norske datasenter) med kryptert trafikk (HTTPS). Berre autoriserte brukarar med innlogging kan sjå personopplysningar. Innlogging skjer via Microsoft Entra ID (kommunekonto) eller eige passord.
Sist oppdatert: mai 2026 | Behandlingsansvarleg: Espen Lamo – [email protected]